Jonas Holøs () er ein norsk ishockeyspelar.
Han starta sin ishockeykarriere i moderklubben Sparta Sarpsborg sesongen 2003/2004, seksten år gamal. Trenarane såg raskt potensiale, og det tok ikkje lang tid før Holøs blei plukka opp til Sparta Sarspborgs U20-tropp. Det var i U20- troppen at han fekk sitt gjennombrot og raskt etablerte seg som éin av dei absolutt beste backane i ligaen.
Sesongen 2005/2006 blei Holøs for fyrste gong flytt opp til Sparta Sarpsborgs A-tropp, der han gjorde sju poeng på 28 matchar i sin fyrste sesong på A-laget.
Han gjekk over til den svenske Elitserieklubben Färjestad i 2008. Han er ein stor og sterk back. Holøs si fatning er høgre.VG Sporten fakta. 20. august 2009. Side 13 Han blei kåra til den viktigaste nye spelaren i sesongen 08/09, då han var med å vinna seriemeisterskapen og den svenske meisterskapen (SM).
12. mai 2010 meldte Aftonbladet at Holøs hadde skrive kontrakt med National Hockey League- klubben Colorado Avalanche.«NHL neste for Holøs», Aftenposten 12. mai 2010
Holøs har spelt 28 VM- og OL-kamper for det norske ishockeylandslaget. Han var busett i Karlstad i Sverige før han reiste til Denver og Colorado Avalanche.
Holøs er 181 centimeter høg og vog i 2009 nitti kilogram.
Den 16. oktober 2010 blei han den sjette nordmannen som spelte i NHL då han debuterte for Colorado Avalanche borte mot New York Islanders. Colorado tapte kampen 5-2, men Holøs spelte mest av samtlege spelarar i kampen.http://www.nhl.com/scores/htmlreports/20102011/ES020057.HTM Kampfakta fra NHL
Referansar
Bakgrunnsstoff Norskfødte spelarar drafta av NHL-lag Norske NHL-rekordar Holøs' profil på NHL.com
Kategori:Norske ishockeyspelarar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 2014 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 2018 Kategori:Ishockeyspelarar for Sparta Sarpsborg Kategori:Folk frå Sarpsborg