Riomaursmett (Myrmotherula fluminensis) er ein fugl i maurfuglfamilien som er endemisk for Brasil.

Skildring

Riomaursmetten har ei kroppslengd på om lag 10 cm. Holotypen hadde ein masse på 9 gram. Den adulte hannen er karakterisert ved ein lys augering og ein lys stripe subokulært. Oversida er grå, medan vengene er mørkare grå med svarte dekkfjør som har kvite spissar. Stjerten er grå. Strupe, bryst og bukens midtlinje er svarte, medan resten av undersida har same gråfarge som oversida. Iris er brun, nebbet svartbrunt, og beina er bleik blågrå med gulaktige føter. Hofuglen er enno ikkje skildra.

Utbreiing og levevis

Holotypen vart samla inn i 1988 i det sentrale området av delstaten Rio de Janeiro, Brasil. Arten vart ikkje observért att på denne lokaliteten, og først funnen igjen i 1994. Sidan den gong har han vorte dokumentert sporadisk nær den opphavlege lokaliteten.

Ein kjenner førebels ikkje til arten sitt eventuelle trekkmønster. Det har vore reist hypotesar om at holotypen kan vere ein streiffugl eller ein høgdemigrant frå nærliggande Serra dos Órgãos. Kunnskapen om dietten er særs avgrensa. I magesekken til holotypen vart det identifisert restar av leddyr. Arten har vore observert i fleirartsflokkar, vanlegvis innanfor 2 meters høgd over bakken.

Taksonomi og status

Riomaursmetten er berre kjend frå holotypen og eit fåtal observasjonar, og den taksonomiske statusen er førebels ikkje fastsett. I tillegg til oppdagaren av arten, reknar South American Classification Committee i American Ornithological Society, International Ornithological Committee, og Clements-taksonomien han som ein eigen art. Handbook of the Birds of the World (HBW) frå BirdLife International godkjenner han derimot ikkje som eit eige takson, men ser han som ein fargevariant av sølvflankemaursmett (M. luctuosa). Andre forfattarar har framsett hypotesar om at holotypen kan representere ein hybrid. Gonzaga, som først dokumenterte arten, peikte på at både morfologisk variant og hybridstatus er plausible alternativ til full artsstatus.

Kjelder

Første utgåva av artikkelen byggjer på «Rio de Janeiro Antwren» frå , den 15. mai 2025

Referansar

Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Brasil Kategori:Fuglar i atlanterhavsskogen