Craigavon er ein by i Armagh i Nord-Irland, nær den store innsjøen Lough Neagh. Han vart oppretta som ein new town i 1965 for å avlaste Belfast, og fekk namn etter James Craig, 1. visegreve Craigavon, som var den fyrste statministeren i Nord-Irland og har vore ein heltefigur i nordirsk unionisme. Portadown og Lurgan vart innlema i byen, som fekk eit regelmessig gatenett.
Byen er administrasjonssenter for distriktet Craigavon, og nesten tre fjerdedelar av distriktet sitt rundt 80 000 innbyggjarar bur der. Det er òg i Craigavon Europaveg 18 startar, som har endepunktet sitt i Sankt Petersburg i Russland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Craigavon» frå , den 13. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Armagh