mini|Polartorsk ved ein meterstokk. Polartorsk (Boreogadus saida) er ein fisk i torskefamilien.

Skildring Polartorsken er tydeleg slankare enn andre torskefiskar. Han er raud- eller gråbrun oppå med lysare sider og kvit eller sølvfarga buk. Finnane kan spela blåraudt. Lengda er vanlegvis 20-25 centimeter, men ein har funne fisk oppe i 40 centimeter. Han har eit lite «skjegg» under haka.

Polartorsken kan bli minst 7 år gammal.

Utbreiing Fisken finst sirkumpolart i arktiske vatn, sør for Island, utanfor Noreg og i Kvitehavet. Polartorsken er pelagisk og føretrekk kaldt vatn (vanlegvis med ein overflatetemperatur under 5 °C).

Levesett Polartorsken finst vanlegvis i vatn nær iskanten, men ein kan også finna han lengre ute og på djupare vatn. Han kan symja inn i brakkvatn i elvemunningar og fjordar. Fisken et mellom anna zooplankton, som pungreker, og småfisk.

Polartorsken gyter i kystnære område med ein sjøtemperatur like over 0 °C.

Økonomisk tyding Fisken blir fanga i stor skala, hovudsakleg som industrifisk til framstilling av fiskemjøl og olje.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polartorsk» frå , den 13. juli 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff polartorsk i Store Norske Leksikon Slik kan den viktigste arten i Arktis bli rammet ved et oljeutslipp. (24. april 2020) NRK

Kategori:Torskefisk Kategori:Fisk i Europa