Livingston er ein ny by i West Lothian i Skottland. Han vart grunnlagt i 1960-åra for å avlaste Glasgow, men ligg nærare Edinburgh og har hatt mest effekt der. Han er administrasjonsenter for regionen West Lothian. Kritiske røyster har skildra han som eit stort kjøpesenter som er sloppe ned oppå ein landsby.

Byen var den fjerde av dei nye byane i Skottland som vart grunnlagt etter andre verdskrigen. Prosjektet starta i 1965. Den lokale industrien hadde hovudtyngda si innan teknologi, og blant anna Motorola har ein stor fabrikk der. Det er no grossistbedrifter som er dei viktigaste arbeidsgjevarane, saman med National Health Service.

Livingston er eit av dei største handleområda i Skottland, med eit stort kjøpesenter som vart grunnlagt samtidig med byen, og utvida i 1995. Eit anna stort kjøpesenter har òg kome til.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Livingston (Skottland)» frå , den 13. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i West Lothian Kategori:Busetnader grunnlagde i 1965