Torpoint (kornisk Penntorr) er ein by i Cornwall i England. Han ligg på Rame-halvøya, på den andre sida av estuaret Hamoaze i tilhøve til Plymouth.Ordnance Survey: Landranger map sheet 201 Plymouth & Launceston
mini|venstre|Torpoint krigsminnesmerke. Namn Torpoint tyder eigentleg ‘steinete nes’. Staden har også hatt kallenamnet Tar Point (‘Tjøreodden’) fordi ein dreiv med tjøring av skip der. Det vart bygd ei primitiv form for tørrdokk, der skip vart segla inn ved høgvatn slik at dei la seg over på sida og kunne tjørast ved lågvatn.
Historie Sjølve byen vart grunnlagd av sir Richard Carew-Pole på 1700-talet. Han voks som ei følgje av at arbeidarar ved verftet i Devonport busette seg der, og folketalet auka endå meir då Royal Navy opna treningsbasen HMS Raleigh på vestsida av byen.
Torpoint er forbunden med Plymouth og Devonpoint med tre ferjer. Dei trekkjer seg sjølv over ved hjelp av lenkjer. Lenkjene blir søkkt under overflata mellom turar, slik at annan skipstrafikk kjem gjennom sundet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Torpoint» frå , den 15. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Cornwall Kategori:Busetnader grunnlagde i 1774