Ripley er ein by i Amber Valley i England. Området vart på grunn av rike mineralførekomstar industrialisert frå slutten av 1700-talet.

John Wesley brukte ein del tid i Ripley under reisene sine i England. Han heldt preiker under eit tre på marknadsplassen og andre stader. Ripley Methodist Church seiast å vere den eldste kyrkja i byen som enno er i bruk. Då metodistrørsla hadde stordomstida si, var det heile fem metodistkyrkjer i Ripley, men desse har etter kvart vorte slått saman.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ripley (Derbyshire)» frå , den 15. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Derbyshire