Preston er ein landsby i det sørlege Dorset i England. Han ligg omkring 3 km austom Weymouth.
Det er god utsikt over Weymouth Bay frå eit utkikkspunkt i Preston. John Constable målte «Weymouth Bay» der.
Det er funne restar av eit romersk tempel i Preston. Soknekyrkja, vigd til St. Andreas, er frå 1400-talet, med eit tårn frå 1500-talet. Ho er i gotisk stil. Inventaret er for det meste frå ei restaurering i 1855, og det er to glasmåleri frå 1949.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Preston (Dorset)» frå , den 16. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Dorset