Fleetwood er ein by i Lancashire i England. Han ligg på den nordlege spissen av Fylde-halvøya. Byen inngår i distriktet Wyre, men vert òg rekna som ein del av Stor-Blackpool.

Byen vart grunnlagd i 1836 av Peter Hesketh Fleetwood, og vart for det meste teikna ut av Decimus Burton. Han voks raskt som hamneby, og vart seinare òg kjend som ein feriestad. I 1960-åra vart fiskeriet i Fleetwood i stor grad øydelagt av torskekrigen mellom Storbritannia og Island. Dei fleste av trålarane i byen fiska torsk i Nord-Atlanteren, og tapet av fiskeområda råka hardt. Den siste trålaren forlet byen i 1982, og det er no berre mindre båtar som fisker innaskjers. Det hender at trålarar frå andre stader leverer til fiskemarknaden i byen; fiskeforedling er framleis ein stor industri i Fleetwood.

For mange er byen mest kjend som opphavsstaden til halspastillen Fisherman's Friend som framleis vert produsert der.

Blant attraksjonane i byen finn ein piren, to fyrtårn og The Mount, ein paviljong med klokke. Det finst òg eit bymuseum.

Det er ferjesamband over elva Wyre til Knott End-on-Sea og til Larne i Nord-Irland. På sommaren er det òg ferjesamband til Douglas på Man.

Fotballklubben Fleetwood Town FC spelar heimekampane sine på stadionet Highbury.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fleetwood» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Lancashire