Saxmundham er ein liten marknadsby i Suffolk i England. Han ligg ved elva Fromus, ei sideelv til Alde, omkring tre mil nordaust for Ipswich og åtte km frå kysten.

Hovudvegen A12 går ved byen, og Saxmundham stasjon betener East Suffolk Line.

Namnet trur ein kjem frå saksisk for «Seizmonds heim». Første gongen byen er nemnt i ei skriftleg kjelde er i Domesday Book frå 1086, der det blir fortalt at han hadde tre kyrkjer og altså var ei busetjing av ein viss storleik. Han fekk sit marknadscharter seinast i 1272 og har halde bystatusen sjølv om han er mindre enn mange landsbyar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Saxmundham» frå , den 18. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Suffolk Kategori:Suffolk Coastal