North Shields (lokalt ofte berre kalla Shields) er ein by på den nordlege breidda av elva Tyne i distriktet North Tyneside i Tyne and Wear i Nordaust-England. Byen ligg 13 km austom Newcastle upon Tyne. Han grensar til Whitley Bay i nord og landsbyen Tynemouth i aust, medan South Shields ligg på andre sida av elva.
Bynamnet kjem frå det mellomengelske ordet schele, som tyder «mellombels skjul», eller kanskje helst på norsk «rorbuer», og området er enno identifisert med fiskerirelatert og andre havrelaterte verksemder.
North Shields har ferjesamband med South Shields. Byen har også ein internasjonal ferjeterminal med samband til Nederland. Fram til 2006 gjekk det passasjerferjer til Göteborg i Sverige og fram til 2008 ferjer til Stavanger, Haugesund og Bergen herfrå."DFDS scraps Newcastle-Gothenburg line", The Local, 7 September 2006: "Danish shipping company DFDS Seaways is to scrap the only passenger ferry route between Sweden and Britain, with the axing of the Gothenburg-Newcastle route at the end of October." (Oppgjeve av Engelsk Wikipedia); «Update on the England - Norway ferry service - December 2013», stavangertravel.com
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «North Shields» frå , den 18. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyne and Wear