Peak District er eit høglandsområde i det sentrale og nordlege England. Det ligg for det meste i Derbyshire, men òg innanfor Cheshire, Staffordshire, samt South og West Yorkshire. Det meste av det er inkludert i Peak District nasjonalpark, som var den første nasjonalparken i Storbritannia. Parkgrensane vart trekt slik at ein unngjekk å få med byar, men Buxton er praktisk talt omringa av parken.

Området vert gjerne delt inn i den nordlege delen Dark Peak, der ein finn mykje myrlandskap, og den sørlege White Peak som er det mest folkesette området. Ifølgje parkstyresmaktene er Peak District den nest mest populære nasjonalparken i verda.

White Peak er eit kalksteinsområde, noko som medfører at det er mange grotter der. Under Dark Peak finn ein skifer og sandstein. Det høgaste punktet er toppen på Kinder Scout.

Historie

Masseinntrengningen på Kinder Scout var ein sivil ulydigheitsaksjon som vart gjennomført i 1932, og som var eit vasskilje for kampanjen for nasjonalparkar og fri tilgjenge til myrheiene. 17. april 1951 vart Peak District den første nasjonalparken i landet.

Den første langdistanseturvegen i landet er òg knytt til Peak District; Pennine Way byrjar i landsbyen Edale i hjartet av området.

Mange trur at namnet Peak District kjem av ordet peak, som tyder 'fjelltopp'. Dette stemmer ikkje; namnet kjem frå pict, ein referanse til jernalderfolket som levde i området, viss kultur truleg overlevde lengst nettopp i Derbyshire. Keltiske og pre-keltiske skikkar og festivalar har sett spor som ein enno kan sjå.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peak District» frå , den 19. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografi i Cheshire Kategori:Geografi i Derbyshire Kategori:Geografi i Stor-Manchester Kategori:Nasjonalparkar i England Kategori:Verneområde oppretta i 1951