For andre tydingar, sjå Solo (fleirtyding)
Solo er i si opphavlege utgåve ein norsk appelsinbrus, eit produkt som òg kallast kolsyrehaldig leskedrikk. Appelsinbrusen vart lansert i 1934 etter at Torleif Gulliksrud tok med seg oppskrifta frå Spania til Tønsberg Bryggeri. Solo hadde ein marknadsdel på 7 % i Noreg i 2005, men drikken var fram til 1960-talet landets mest selde brus, inntil Coca-Cola og seinare Pepsi passerte den på salsstatistikken. På det meste hadde Solo ein marknadsdel på heile 25 % i Noreg.
Den 1. februar 2010 lanserte Ringnes òg Solo Sitron.
Etter den andre verdskrigen var sukker ofte mangelvare, og Solo måtte redusere sukkerinnhaldet i brusen. Dette vart slutt i 1952 då Solo igjen var «fullsukra». I 1959 selde det i juni 8 270 159 flasker. I 1982 kom Solo i halvlitersflasker av glas. Året etter kom dei på 0,33 cl boks. Ti år etter det igjen, i 1993, kom den fyrste halvlitersflaska av plast. I 1994 gjekk Soloflaskene attende til den originale etiketten, etter fleire forandringar sidan 1934. Den amerikanske filmstjerna Renée Zellweger som har norsk mor, har fortalt at ho er stor fan av Solo.http://www.ringnes.no/omringnes/presse/Sider/SologoesHollywoodSatserblantpalmerogfilmstjerner.aspx I 2006 inneheld ei lettsukra Solo-flaske desse ingrediensane ifølgje etikett: Vatn, 8% appelsinjuice, karbondioksid, syre (sitronsyre), søtstoff (acesulfam K, aspartam*), naturleg appelsinaroma, konserveringsmiddel (natriumbenzoat), antioksidant (askorbinsyre), stabilisator (guarkjernemel, akasiegummi), vegetabilsk olje frå kokos, farge (betakaroten, E160e).
Innhald Mengd (pr. 100ml) Energi 14,7 kJ (3,5kcal) Protein 0 g Karbohydrat (sukker) 0,8 g Feitt 0g Kostfiber 0 g Natrium 3004 g
Tapperi Drikken blir i dag tappa av Ringnes, Oskar Sylte, Aass og Mack, som saman eig marknadsføringsføretaket A/S Solo.
Varemerket Solo er eigd av marknadsføringsføretaket. Varemerket nyttast i dag på fleire produkt i tillegg til det opphavlege: Solo Super, Solo Pluss og Solrik (utan kolsyre, pappboks). Namnet vert òg nytta på ein fruktis produsert av Hennig-Olsen.
Tidlegare var Solo tappa av Aktiebryggeriet.
Kjeldet Ringnes om Solo Bergens tidende Aftenposten Rana blad Handelsbladet
Referansar
Bakgrunnsstoff Solo sin nettstad Reklame for brus Aktiebryggeriet
Kategori:Norsk drikke Kategori:Brus Kategori:Skipingar i 1934