Walmer er ein by ved kysten av grevskapet Kent i England. Han har kring 8 000 innbyggjarar og ligg 10 km nordaust for Dover. Han ligg nær Deal, og nytter mange av tenestene i nabobyen.
Julius Cæsar skal ha kome i land på Deal-stranda ved Walmer då han invaderte Storbritannia i 55 og 54 f.Kr. Walmer er ein av fleire moglege ilandstigingsstader, men blir rekna som den mest trulege på grunn av skildringar og distansar gjevne i Gallarkrigane.«The Landings of Caesar in Britain, 55 and 54 BC» , athenapub.com Den moglege landingsstaden er markert med eit minnesmerke nær den lokale livreddingsstasjonen.
Walmer jernbanestasjon ligg på Kent Coast-linja.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Walmer» frå , den 19. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Kent