Maximiliano Bajter () er ein uruguayansk fotballspelar. Hausten 2011 spelte han på midtbanen for Brann i den norske Tippeligaen på lån frå den uruguayanske klubben Fénix. Bajter spelte for Peñarol i heimlandet frå 2006 til 2010 og vart seriemeister med dei i Uruguay i 2010. Etter dette gjekk han over til Fénix, ein annan Montevideo-klubb, der han spelte fram til sommaren 2011. I juli 2011 skreiv han kontrakt med Brann ut 2011-sesongen. Agenten Terje Liverød, som tidlegare har vore involvert i fleire sal av uruguayanske spelarar til Europa, mellom anna Brann-spelarane Diego Guastavino og Nicolás Mezquida, var sentral i overgangen."Bekrefter at Bajter er på vei" frå Brann.no Bajter debuterte i Tippeligaen som innbytar mot Viking 4. august 2011."Bajter ble skadet i Brann-debuten" frå Bergens Tidende 5. august 2011

Fotnotar

Kjelder "Bekrefter at Bajter er på vei" frå Brann.no

Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar