mini|Bayeuxteppet er ei normannisk framstilling av erobringa av England laga kort tid etter at ho fann stad. mini|Slaget ved Hastings var den avgjerande hendinga som gjorde at England kom på normanniske hender. Slaget blir gjenutspelt årleg ved Battle i East Sussex. Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til Vilhelm Bastarden, hertug av Normandie, sidan kalla Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette resulterte i etableringa av normannisk kontroll over det angelsaksiske England. Den normanniske erobringa var ei vesentleg og omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Ho fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit utanlandsk fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki.

Dette førte til ei omforming av språket og kulturen i landet. Ved at England vart underlagt herskarar som hadde opphavet sitt i Frankrike vart landet knytt tettare til kontinentet medan den tidlegare skandinaviske innverknaden vart langt mindre eller nærast opphøyrde. Det sette òg i gang ei rivalisering med Frankrike som kom til å fortsetje uavbroten dei neste 750 åra, frå 1066 og fram til 1815. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normanniske og andre fransktalande familiar, og innføringa av føydalt system i sørlege Skottland. Det er viktig å merke at normannarane ikkje var skandinavar, sjølv om ein del av forfedrane deira var det. Det var fransk føydal mellomalderkultur som omforma England, ikkje norrøn.

Bakgrunn og opptakt Normandie mini|300px|Kart over Normandie Normandie er ein region i det nordlege og vestlege Frankrike som i åra føre lagnadsåret 1066 hadde fått stor norrøn busetjing både frå Noreg og kanskje særleg frå Danmark. Denne vart innleia etter at den franske karolinske herskaren Karl den einfaldige (898–922) i 911 tillét ei gruppe norrøne inntrengarar å busetje seg i den nordlege delen av Frankrike. Leiaren deira vart kalla Rollo av franskmennene, medan norrøn tradisjon har identifisert han som Gange-Rolv. Dette løyvet til norrøn busetjing var ein del av Saint-Clair-sur-Epte-traktaten som vart inngått mellom Karl og Rollo. Karl håpte at denne ville hindre nye åtak frå vikingar som hadde plaga Frankarriket på denne tida.

Denne norrøne busetjinga vart ein suksess, då desse vart permanente og avslutta dei tidlegare overfalla i området. Dei tidlegare vikingane i regionen var kjent som nordbuarane, og dette gav Normandie namnet sitt. Nordbuarane, normannarane, tilpassa seg hurtig, kanskje så raskt som i løpet av éin generasjon, til kulturen på staden. Dei gav opp heidendomen sin og konverterte til kristendommen. Dei gjekk òg over til å snakke det lokale språket, langues d'oïl, som endå fekk nokre trekk frå deira norrøne språk, omforma til normannisk. Dei blanda seg med den lokale folkesetnaden ved inngifte, tilpassa seg det føydale systemet, og byrja etter kvart å utvide det tildelte territoriet sitt mot vest og busette seg i område som omfatta Bessin, halvøya Cotentin og Kanaløyane.

I 1002 gifta den angelsaksiske kongen Ethelred II seg med Emma, dotter av hertugen av Normandie. Sonen deira Edvard vedkjennaren, som hadde halde seg mange år i eksil i Normandie under det danske styret av England, etterfølgde han på den engelske trona i 1042. Det dynastiske sambandet mellom England og Normandie skapte grobotn for ei normannisk interesse for engelsk politikk då Edvard lente seg tungt på støtte frå Normandie. Dette innebar normanniske hoffmenn, soldatar og prestar i England, og han utpeikte normannarar til maktposisjonar, særleg i kyrkja. Sidan Edvard var barnlaus og i konflikt med den formidable jarlen av Wessex, Godwin, og sønene hans, er det mogleg at han kan ha oppmuntra ambisjonane til hertug Vilhelm av Normandie for den engelske trona.

Kyrkjepolitisk grunn for invasjon mini|upright|Stigand, den siste angelsaksiske erkebiskopen av Canterbury, døydde i fengsel i 1072. Detalj frå Bayeux-teppet I tida rundt 1066 hadde den engelske kyrkja i lengre tid vore i konflikt med pavedømet. Den fremste geistlege stillinga i England var Canterbury erkebispedøme, der Stigand hadde vore erkebiskop sidan 1052. Pave Leo IX hadde i same tidsperiode starta ei reformrørsle som seinare vart kjent som den gregorianske reforma. I denne fokuserte pave Leo på å forbetre geistlegheita og hindre simoni, det vil seie å kjøpe og selje presteembete og geistlege posisjonar. I 1049 uttalte paven offentleg at han ville sjå nærare på den engelske kyrkja og undersøkja kandidatar for bispesete langt strengare før dei vart godkjende.Stafford, Pauline (1989): Unification and Conquest: A Political and Social History of England in the Tenth and Eleventh Centuries. London: Edward Arnold. ISBN 0-7131-6532-4, ss. 89–92 Då erkebiskop Edsige av Canterbury (seinare heilagkåra) døydde i 1051, valde munkane ved Canterbury ein slektning av jarl Godwin ved namn Æthelric som ny erkebiskop.Huscroft, Richard (2005): Ruling England 1042–1217. London: Pearson/Longman. ISBN 0-582-84882-2, s. 6 Kong Edvard sette seg imot valet og utpeikte i staden Robert av Jumièges, noko som var kontroversielt då han tillegg til å vere normannar òg alt var biskop av London.

Biskop Robert drog til Roma og fekk godkjenning frå paven for utnemninga. Robert freista òg å få tilbake eigedomar frå jarl Godwin som han meinte høyrde til kyrkja. I 1052 fekk Godwin lyst Robert fredlaus og tvinga han i eksil.Stafford, Pauline (1989): Unification and Conquest, ss. 89–92 Edvard vedkjennaren utpeikte deretter Stigand som erkebiskop av Canterbury. Paven nekta å godkjenne utnemninga av Stigand då Robert av Jumièges framleis var i live og heller ikkje var vorten avsett av ein pave. Robert appellerte til pave Leo IX som innkalla Stigand til Roma. Stigand gjorde seg òg skuldig i pluralisme ved å fortsetje å vere biskop av Winchester sjølv om han var vorten erkebiskop av Canterbury. Då Stigand ikkje møtte opp hos paven vart han ekskommunisert.Stenton, F. M (1971): Anglo-Saxon England (3. utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280139-5, ss. 465–466 Pave Leo IX og etterfølgjarane hans, pave Viktor II og pave Stefan IX, fortsette å rekne Robert av Jumièges som den rettmessige erkebiskopen av Canterbury.Blair, Peter Hunter; Blair, Peter D. (2003): An Introduction to Anglo-Saxon England (3. utg.). Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-53777-0, s. 108

Stigand vart seinare skulda for simoni av klosterkrøniker, men alle desse tiltalane vert daterte til etter 1066 og er av den grunnen prega av eit ynske om å sverte den engelske kyrkja som korrupt og tilbakeståande. Mellomalderkrønikeskrivaren William av Poitiers hevda òg at Stigand i 1052 gjekk med på at Vilhelm av Normandie, skulle etterfølgje kong Edvard. Dette vart nytta som propaganda etter den normanniske erobringa, men David Bates og andre historikarar har hevda at det er usannsynleg at dette nokon gong har skjedd.Bates, David (2001): William the Conqueror. Stroud, UK: Tempus. ISBN 0-7524-1980-3, ss. 77–78 Stillinga til Stigand som overhovud for den engelske kyrkja vart nytta for alt det var verd av normannarane i propagandaen deira før, under og etter erobringa.Douglas, David C. (1964): William the Conqueror: The Norman Impact Upon England. Berkeley: University of California Press., s. 170

Truleg var det den kontroversielle posisjonen og ulydnaden til Stigand som påverka pave Alexander II til å gje støtta si og løyve til invasjonen til Vilhelm Erobraren og den påfølgjande erobringa av England.Loyn, H. R. (2000): The English Church, 940–1154. Upper Saddle Riv, NJ: Pearson Education. ISBN 0-582-30303-6, s. 98 Ein arkitekt bak invasjonen var erkediakon Hildebrand av Sovana, den seinare paven Gregor VII, som nytta den store makta si i kardinalrådet til å fremje og støytte krava til hertug Vilhelm av Normandie. Det å rette urimelege tiltaler mot den engelske kyrkja var innanfor politikkspelet og propagandaen i tida før 1066.Why the Pope Supported William's Invasion of England

Vilhelm hadde gode verdslege grunnar til å invadere, men løyvet til paven var truleg særs viktig i arbeidet med å rekruttere militær støtte og gjennomføre invasjonen. Men det blodige slaget ved Hastings der kristne drap kristne vart politisk vanskeleg for paven, og han kravde at Vilhelm skulle gjere bot. Vilhelm bygde då eit kloster på slagmarka for å vise at han hadde Gud med seg. Den 11. april 1070 vart Stigand formelt avsett av legata til paven og sett i arrest i Winchester der han døydde i 1072, ribba for all vørdnad og med heile den personlege formuen sin konfiskert.

Krav på den engelske krona mini|venstre|Edvard vedkjennaren sitt dødsfall utløyste kjedene av hendingar som førte til okkupasjonen av England.

mini|Mynt prega av Harald Godwinson, British Museum. mini|Mynt prega av Vilhelm erobraren, no i British Museum. Då kong Edvard døydde i byrjinga av 1066 var det få klare arvingar til den engelske trona, men det var fleire motstridande interesser. Den næraste etterfølgjaren til Edvard var Harald Godwinson, jarl av Wessex, son av Godwin. Han var den rikaste og mektigaste innanfor den engelske adelen, og Harald vart vald til konge av det engelske witenagemot (eller witan, angelsaksisk for «møte av vise menn»). Han vart krona av erkebiskop Ealdred av Worcester tidleg i januar 1066.Angelsaksiske krønike, ss. 194–195

Det er verd å merke seg at Harald Godwinson ikkje hadde noko opplagt krav på trona. Faren hans Godwin var son av ein thegn av Sussex. I tidleg engelsk historie var «thegn» eit medlem av dei adelege klassene med rang mellom jarlar og ordinære frie menn, og løyvde land av kongen eller av lordane for militær teneste. Seinare dokument har skildra Godwins far som ein ceorl, ein fri mann av lågaste rang. Godwin nedstamma truleg frå lågadelen. Det kan synast som om samtida freista å gje Harald Godwinson ei slekt tilbake i seks ledd til kong Ethelred av Wessex, men det kan vere ein tvilsam politisk konstruksjon for å sikre Harald sitt krav på trona.

Måten Harald overtok kongedømet på var også omstridd. Han hadde kome seg opp både ved posisjonen til faren sin og ved eiga handlekraft som militær leiar, blant anna i krigen mot walisarane i 1063. Mot slutten av 1065 vart kong Edvard sjuk og fall i koma utan å klargjere kven som var etterfølgjaren hans. Den 5. januar 1066 døydde han, ifølgje Vita Ædwardi Regis. Men like før han døydde, skal han kortvarig ha fått medvitet tilbake, og då bede om at kongedømmet vart «verna» av Harald. Denne påstanden er tvitydig, men då witenagemot kom saman neste dag vart Harald, kanskje som dei sterke mennene til landet, vald som etterfølgjar, i noko som kan likne på eit statskupp.Hallam, Elizabeth M: Domesday Book through Nine Centuries. Thames and Hudson 1986. Side 11: «...and rapid coup by Harold...» Dette skjedde framfor han som hadde arverett til trona, den unge Edgar Ætheling. Det næraste den nye kongen stod til kongeslekta var at systera hans Edith av Wessex var gift med Edvard vedkjennaren, utan at dette ekteskapet hadde ført med seg born.