Chorley er ein marknadsby i grevskapet Lancashire i England. Han har kring 40 000 innbyggjarar.

Velstanden til byen kjem hovudsakleg frå bomullsindustrien. Så seint som i 1970-åra var horisonten av byen dominert av mange fabrikkpiper, men dei fleste av desse er no nedrivne. Restar av industrifortida er mellom anna Morrison-pipa og fleire andre møllebygningar, samt dei terrasserte arbeidarhusa. Chorley er kjend for Chorley-kake.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chorley» frå , den 23. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Lancashire