Dronfield er ein by i grevskapet Derbyshire i England. Han har kring 21 000 innbyggjarar og ligg i dalen til den vesle elva Drone, mellom byane Chesterfield og Sheffield.

mini|venstre|Dronfield bibliotek.

Peak District nasjonalpark ligg 4–5 km mot vest. Dronfield er kjend i tida før Domesday Book frå 1086 og har ei soknekyrkje frå 1100-talet. I 1662 gav Karl II byen marknadsrettar, men dette vart sidan trekt attende. Industrihistoria til byen omfattar kolgruvedrift, ullhandel, ingeniørvitskap og produksjon av såpe og stål.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dronfield» frå , den 23. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Derbyshire