Joe Slovo () var ein sørafrikansk kommunistisk politikar og leiar for Det sørafrikanske kommunistpartiet SACP, og samtidig leiande medlem av ANC, Den afrikanske nasjonalkongressen.

Han var fødd i Litauen i ein jødisk familie som utvandra til Sør-Afrika da han var åtte år gammal. Far hans arbeidde som lastebilsjåfør i Johannesburg.

Slovo slutta på skolen i 1941 og begynte å arbeide som funksjonær i transportbransjen. Han blei fagorganisert, og som tillitsvald var han med å organisere ein streik. Han meldte seg inn i kommunistpartiet i 1942.

Inspirert av Den raude armeen sin kamp mot nazistane på austfronten i Europa i andre verdskrigen, meldte Slovo seg som frivillig til dei sør-afrikanske styrkane som kjempa med den britiske hæren i krigen.

Mellom 1946 og 1950 studerte han juss, og i 1949 gifta han seg, med Ruth First. Dei fekk tre døtrer.

Både First og Slovo var registrerte som kommunistar og kunne verken siterast eller delta i offentlege møte etter lova om undertrykking av kommunismen frå 1954. Men han blei likevel aktiv i ANC, og arrestert som ANC-aktivist både i 1956 og 1960.

I 1961 blei Slovo ein av leiarane i ANC si væpna grein Umkhonto we Sizwe, Spydet til Nasjonen. I 1963 måtte han fare i eksil, og han budde i Storbritannia, Angola, Mosambik og Zambia. Slovo blei vald til generalsekretær i SACP i 1984.

Han vendte tilbake til Sør-Afrika i 1990 for å vere med i «samtalane om samtalar» mellom ANC og den daverande regjeringa. Han var sjuk, og blei etterfølgd av Chris Hani som partileiar i 1991. Slovo blei gitt tittelen æresleiar i SACP. Han var bustadminister i Nelson Mandela si første regjering.

Slovo var den leiande teoretikaren i både kommunistpartiet og ANC. Han erkjente svakheitene i den sovjetiske samfunnsmodellen og tok avstand frå stalinismen. Han spelte ei stor rolle i frigjeringskampen i Sør-Afrika, i kampen for demokrati og like rettar for alle.

Slovo, Joe Slovo, Joe Slovo, Joe Slovo, Joe