Royton er ein by i grevskapet Stor-Manchester i England. Han ligg nær kjelda til elva Irk og foten av Penninane og har kring 21 000 innbyggjarar.21 284 i 2011. ; ; Royton ligg 3 km nordvest for Oldham, 5 km søraust for Rochdale og 12 km nordaust for Manchester.
Royton ligg i det historiske fylket Lancashire, og her og i nærområdet er det funne spor etter britonarar, romarar og vikingar. I mellomalderen blei Royton danna som eit lite byområde kring Royton Hall, eit herskapshus der ulike adelsfolk heldt til, som familiane Byron og Radcliffe. Busetnaden voks utover frå herskapshuset, som blei forlate og byrja å forfalla på 1800-talet. Landbruk var den viktigaste næring i området, og folk fekk ekstra inntekter gjennom heimeveving.
Thorp Mill blei bygd i Royton i 1764 som ein av dei fyrste bomullsfabrikkane drivne av vasskraft. Staden var ein av dei fyrste til å innføra eit sentralisert fabrikksystem. Utviklinga av tekstilindustrien førte til kraftig byvekst, og på midten av 1800-talet var Royton blitt til ein fabrikkby. På det største var det 40 bomullsfabrikkar her som sysselsette 80 % av innbyggjarane.. Import av billigare bomullsprodukt førte til at tekstilindustrien i Royton gjekk tilbake på midten av 1900-talet, og den siste fabrikken stengde i 2002.
I dag står mindre enn eit dusin av fabrikkane att. Dei fleste blir nytta til lett tilverking eller distribusjon.. Trass i den økonomiske nedgangen etter slutten på bomullsindustrien har folketalet i Royton halde fram med på veksa som resultat av intensiv byfornying som moderniserte dei edvardianske distrikta.
Kjelder
Bibliografi
Denne artikkelen bygger på «Royton» frå , den 23. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Stor-Manchester