Hythe er ein liten marknadsby i grevskapet Kent i England. Han har kring 14 000 innbyggjarar og ligg i utkanten av Romney Marsh på sørkysten av Kent. Namnet kjem frå gammalengelsk hyth, ‘landingsplass’, og viser truleg til ein landingsstad ved den tidlegare elva Limen.
Byen har bygningar frå mellomalderen og georgtida og ei kyrkje frå angelsaksisk eller normannisk tid. Hythe var ein gong forsvart av to borger, Saltwood og Lympne. Rådhuset vart bygd i 1794.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hythe, Kent» frå , den 25. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Kent Kategori:Stadnamn av gammalengelsk opphav i England