Witwatersrand er ei låg, sedimentær fjellkjede med høgder på 1700–1800 moh. som går i aust–vestleg retning gjennom Gauteng i Sør-Afrika. Namnet tyder på afrikaans «ryggen av kvitt vatn».Truswell, J.F. (1977). The Geological Evolution of South Africa. s. 21, 27–28, 33–36. Cape Town: Purnell. Geologisk er ho kompleks, men dei grunnleggjande formasjonane er kvartsitt, konglomerat og leirskifer av Witwatersrandsystemet. Han utgjer eit kontinentalt vasskilje der vatnet renn nordover og ut i Limpopo og Indiahavet og sørover ut i Oranje-elva og Atlanterhavet.Encyclopædia Britannica (1975). Micropaedia, Vol. X. p. 720. Helen Hemingway Benton, Chicago. Witwatersrand ligg i provinsen Gauteng, tidlegare kalla PMW–området, eit akronym for Pretoria, Witwatersrand og Vereeniging.
mini|venstre|Landskap i Witwatersrand, frå Witwatersrand National Botanical Gardens.
«Rand», eller «revet», som Witwatersrand òg vert kalla, er berømt for å vere kjelda for 40 % av gullet som nokon gong har vorte vunne ut frå jorda. Gullårene strekkjer seg 280 km frå Klerksdorp i vest til Bethal i aust og er 3,6 km djupe einskilde stader. Den sørafrikanske valutaen rand er kalla opp etter han. Den nordlegaste spissen til revet vart oppdaga berre nokre få kilometer frå dagens Magaliesburg, ved Blaauwbank, i 1874.
Witwatersrand omfattar òg storbyområdet til Johannesburg, som strekkjer seg langs det gullberande revet. Storbyområdet er avlangt og strekkjer seg frå området Randfontein og Carletonville i vest til Springs i aust. Det inkluderer det enorme byområdet East og West Render, og dessutan Soweto.
I juli 1852 vart det kjend at engelskmannen J.H. Davis hadde funne gull «i stor mengd» ved Paardekraal nær Krugersdorp, noko som var den tidlegaste gulloppdaginga i Rand. Davis selde gull til ein verdi av 600 oundt til styresmaktene i Transvaal, og vart kort tid etterpå beordra ut av landet på grunn av den gjeldande politikken om å halde det hemmeleg. I oktober 1853 oppdaga Pieter Jacob Marais, som var fødd i Cape Town, gull på breiddene av elva Jukskei, men òg dette funnet vart dyssa ned. Det første gruveselskapet, Nil Desperandum Co-operative Gold Company, vart danna ved Blaauwbank i 1874. Det vart teke ut gull ulike stader fram til 1886 då oppdaginga av hovudåra til Witwatersrand sette i gang det historiske gullrushet. Den etterfølgjande oppdaginga av andre rike og drivverdige årar av gull, førte til slutt til bygginga av det største urbane området i Afrika sør for Sahara.
For tida føregår den einaste «operasjonelle» gullgruveaktiviteten i området til Blaauwbank Gold Mine and Museum, som ligg nær Magaliesburg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Witwatersrand» frå , den 27. juli 2011.
Kategori:Fjellkjeder i Sør-Afrika Kategori:Johannesburg