Ei gitarstøtte er ein reiskap ofte nytta av klassiske gitaristar når dei spelar gitar. Gitarstøtta hjelper med å halde gitaren i ei særskild stilling.
Funksjon Gitarstøtta er eit alternativ til fotskammel eller pute. Støtta held gitaren slik at halsen peikar opp. Dette er ei lagleg stilling for å nå tonane på gripebrettet. Med ei gitarstøtte held musikaren båe føtene på bakken, i motsetnad til fotskammel eller pute.
Festeteknikk Gitaristen kan feste støtta til gitaren på fleire vis:
1. Sugekoppar Sugekoppane vert festa til sargen på instrumentet. 2. Klemmer Klemmene vert festa i over sargen, og kan tilpassast etter kor brei sargen er. 3. Borrelås Den eine delen vert permanent festa til instrumentet slik at støtta kan takast av og på.
Kjelder Wikipedia på tysk den 28. juli 2011
Kategori:Musikkinstrumentutstyr Kategori:Gitar