Dawn of the Black Hearts er det andre konsertalbumet til Mayhem. Svartmetallalbumet er kanskje mest kjent for sitt kontroversielle plateomslag: eit fotografi av den daude vokalisten Dead, etter sjølvmordet hans i april 1991. Albumet vart kåra til det mest kontroversielle plateomslaget av Gigwise.com i artikkelen deira «The 50 Most Controversial Covers of All Time».

Albumet vart utgjeve 1995, fem år etter innspeling. 300 kopiar vart opphavleg utgjevne av Warmaster Records, eit dotterselskap til Columbia. Desse inneheldt berre åtte spor frå konserten i Sarpsborg, 28. februar 1990. Desse tidlegaste kopiane i inneheldt òg Mayhems logo i gullblekk.

Albumet har vore utgjeve fleire gonger på CD av andre plateselskap; også Warmaster Records har gjort det same. Desse versjonane inneheld ofte ein konsert frå 1986 frå Ski, med Messiah på vokal. Nokre av plateselskapa hevder – feilaktig – at konserten er frå Lillehammer med vokalisten Maniac og Manheim på perkusjon. Lillehammer-konserten gjev akt på å vera meir eksluvist og sjeldan enn Ski-konserten.

Innhald

Medverkande Frå 1990, Sarpsborg: Dead (Per Yngve Ohlin) – vokal Euronymous (Øystein Aarseth) – elektrisk gitar Hellhammer (Jan Axel Blomberg) – perkusjon Necrobutcher (Jørn Stubberud) – bassgitar

Frå 1986, Ski (bonusspor): Messiah (Eirik Nordheim) – vokal Euronymous (Øystein Aarseth) – gitar Manheim (Kjetil Manheim) – perkusjon Necrobutcher (Jørn Stubberud) – bassgitar

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Dawn of the Black Hearts» frå , den 31. juli 2011. oppgav desse kjeldene: Kahn-Harris, Keith (2007): Extreme Metal: Music and Culture on the Edge Oxford: Berg Publishers. ISBN 1845203992 Stalhammar, Kai Magnus: The "Dawn of the Black Hearts" Review

Bakgrunnnstoff YouTube-visnad for Dawn of the Black Hearts

Kategori:Norske musikkalbum Kategori:Musikkalbum frå 1995