Gisken Wildenvey () var ein norsk forfattar. Ho oppgav sjølv 1895 som fødselsåret sitt, men var truleg to år eldre, ifølgje biografi til Tom Lotherington om Herman Wildenvey.Tom Lotherington: Wildenvey - et dikterliv, Aschehoug 1993.

Ho var dotter av gardbrukar Anton Lauritz Andreassen og Inger Martha Jentoft Petersen. Sju år gammal vart ho sett bort til pleieforeldre på Fiskenes i Andøy. Ho brukte òg mellomnamnet Kramer, som ho tok etter den nye mannen til mora. Namnet Gisken hadde ho fått av Herman.

Ho gifta seg 4. februar 1912 med Herman Wildenvey, og levde saman med han. Frå 1927 budde dei i Hergisheim i Stavern.

Gisken Wildenvey debuterte med boka Bedaarere i 1925. Ho er mest kjend for dei fire dels sjølvbiografiske bøkene om Andrine. Ho mottok Gyldendals legat i 1965. I erindringsboka Kjærlighet varer lengst (1975) skildrar ho samlivet med Herman.

Gisken Wildenvey er gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gisken Wildenvey» frå , den 6. august 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Wildenvey-selskapet

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund