Wiener Zeitung er ei austerriksk avis og den eldste avisa i verda som framleis kjem ut. Ho vart utgjeven første gongen 8. august 1703 under tittelen Wiennerisches Diarium. Sidan 1780 har ho kome ut under tittelen Wiener Zeitung. I 1812 vart avisa eit offisielt regjeringsorgan og sidan 1857 har ho vorte utgjeven av den austerrikske staten. Ho vart trykt av Österreichische Staatsdruckerei fram til 1997.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wiener Zeitung» frå , den 7. august 2011.
Bakgrunnsstoff Wiener Zeitung
Kategori:Austerrikske aviser Kategori:Skipingar i 1703 Kategori:Wien