Viggo Widerøe () var ein norsk flygar og kjend som stiftaren av Widerøes Flyveselskap.
Widerøe er rekna som ein av pionerane innan norsk luftfart. Han vart utdanna ved Marinens flyvåpen i 1924, var marineflygar ein del år til han i 1934, saman med broren sin Arild og nokre kameratar, starta Widerøes Flyveselskap, som dei første åra, fram til krigsutbrotet, dreiv med taxi-, ambulanse-, skule- og fotoflyging. Under krigen sat Widerøe fire år i fangenskap i Tyskland, men i 1947 var han tilbake som leiar for flyselskapet og leia det fram til 1970.
Han kunne sjå tilbake på mange store føretak innan norsk sivil luftfart, mellom anna var han flygar i Lars Christensen sin Antarktisekspedisjon 1936–37, der han flaug ca 10 000 km og kartla ca 80 000 km² av kysten utanfor Dronning Maud land.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viggo Widerøe» frå , den 8. august 2011. oppgav desse kjeldene: Pionertid av Viggo Widerøe og Helge Skappel - (1946)
Bakgrunnsstoff Fra Ingierstrand i åpen cockpit (NRK) Intervju i 1981
Kategori:Norske flygarar Kategori:Luftfartspionerar Kategori:Norske bedriftsleiarar Kategori:Norske gründerar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Oslo