Walt Whitman () var ein amerikansk diktar.
Whitman skreiv på fri verseform, og skrivestilen hans er prega av eit stort språkleg overskot og stor kjærleik til både naturen og mennesket. I samtida hans var meiningane om forfattarskapane hans delte, men i ettertida er han likevel vorte ståande som ein av dei største og viktigaste av alle amerikanske diktarar. Forfattarskapen hans hadde stor innverknad på litteraturen i ettertida. Blant kjende namn som blir rekna for å vere svært inspirert av Whitman, finn vi til dømes Allen Ginsberg og Bob Dylan.
I 1855 gav han for første gongen ut diktsamlinga Gresstrå, som er rekna som hovudverket hans. Verket består av fleire ulike bøker, og vart i levetida til Whitman omskrive og omredigert ei rekkje gonger. I alt vart verket utgjeve i ni ulike versjonar.
Whitman på norsk Eit utval frå Gresstrå vart omsett av Per Arneberg og illustrert av Kai Fjell, utgjeve i 1947 med tittelen Sangen om meg selv. Dette utvalet vart seinare gjeve ut på nytt av Den norske Bokklubben i 1973.
Eit utval henta frå både Gresstrå og andre dikt, vart gjendikta av Kurt Narvesen og Håvard Rem, og utgjeve i 1984 med tittelen Tilegnet den usynlige verden. Narvesen hadde òg med enkeltdikt i samlinga si Gjenkomst i mai (1982). Narvesen har seinare arbeidt vidare med Whitman, og utgav i løpet av 2006-2007 ein komplett norsk omsetjing.
Enkeltdikt er gjendikta og utgjeve av Emil Boyson, André Bjerke og Helge Torvund.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walt Whitman» frå , den 9. august 2011.
Bakgrunnsstoff The Walt Whitman Archive Artikkel i Klassekampen
Kategori:USA-amerikanske diktarar Kategori:Folk frå Long Island