Neuchâtel er ein kanton i det vestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 803 km, og hadde om lag 180 000 innbyggarar i 2018. Byen Neuchâtel er hovudstad i kantonen.
Geografi mini|venstre|Utsyn over «sjøbreidda» og Neuchâtelsjøen frå Jurafjella. mini|venstre|Distriktskart over Neuchâtel.
Kantonen Neuchâtel grensar i nordvest til regionen Franche-Comté i Frankrike, og til kantonane Jura i nord, til Bern i nordaust og til Vaud i sørvest. Fribourg ligg på søraustbreidda av Neuchâtelsjøen. Distrikta Neuchâtel og Boudry vert ofte nemnt som Le Littoral («Sjøbreidda»), og La-Chaux-de-Fonds og Le Locle som Montagnes Neuchâteloises («Neuchâtelfjella»). Høgste punktet i kantonen, 1 552 moh, ligg ved fjellet Chasseral, fjelltoppen er i Bern. Lågastliggande punktet er Bielsjøen på 429 moh.
Språk og samfunn 23,4% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Talemålet i Neuchâtel er i all hovudsak fransk. Tidlegare var kantonen dominert av protestantar, i dag utgjer dei 38& av folketalet. 31% av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Distrikt og kommunar Neuchâtel består av 6 distrikt, som er delt opp i til saman 62 kommunar. Dei seks distrikta er Boudry, La Chaux-de-Fonds, Le Locle, Neuchâtel, Val-de-Ruz og Val-de-Travers.
Historie Neuchâtel var eit fyrstedømme under ulike dynasti frå 1000-talet. I 1815 gjekk fyrstedømmet inn i det sveistiske eidsforbundet. Neuchâtel vart då det første og det einaste fyrstedømet som har vore medlem av det republikanske Sveits. Etter ein fredfull revolusjon i 1848, vart Neuchâtel ein kanton. Same året gjekk Sveits over frå å vere eit eidsforbund til å verte sambandsstat. Den styrta fyrsten, kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, stod bak fleire motrevolusjonar, den alvorlegaste hende i 1856-57. Krisa enda med at prøyssarkongen måtte seie frå seg fyrstekravet.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Canton of Neuchâtel» frå , den 12. august 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare fyrstedøme Kategori:Tidlegare land i Europa Kategori:Statar i Det tysk-romerske riket Kategori:Skipingar i 1034 Kategori:Nedleggingar i 1848