Mary Jane «Mae» West () var ein amerikansk skodespelar, dramatikar og songar, kjend som sexsymbol og for vågale utsegner.

West starta karrieren med vaudeville og på teaterscenen i New York, før ho seinare flytta til Hollywood på byrjinga av 1930-talet og byrja å spele inn filmar. Ho skreiv sjølv manus til dei fleste filmane sine, men fekk ofte problem med sensuren på grunn av dei mange seksuelle hinta i tekstane.

Etter å ha trekt seg tilbake frå filmindustrien byrja ho igjen å underhalde på scenen og spelte òg inn fleire musikkalbum. Ho gjorde eit comeback i to filmar på 1970-talet. West døydde 87 år gammal heime i leilegheita etter å ha fått hjerneslag.

Barndom

Mary Jane West vart fødd 17. august 1893 i Bushwick i Brooklyn i New York.West, s. 1Wortis Leide, s. 20Watts, s. 10 Ho var dotter av John Patrick West og Matilda «Tillie» Doelger (òg skrive Delker).Wortis Leide, s. 23 Ho hadde to yngre sysken, Mildred Katherine «Beverly» West (1898–1982) og John Edwin West (1900–1964).Watts, s. 12 og 289

Far hennar var ein boksar kjent som «Battlin' Jack West». Han arbeidde seinare som politi før han starta sitt eige byrå som privatetterforskar.Watts, s. 12 Mora hennar var ein tidlegare korsett- og motemodell.Wortis Leide, s. 21 Familien var protestantar, trass i at mora hennar skal ha vore jødisk immigrant frå Bayern i Tyskland.Wortis Leide, s. 23-24 Både den irske bestemora på farsida, som var katolikk, og andre katolske slektningar, fordømde karrieren og livsstilen hennar. Det same gjorde tanta hennar som hadde hjelpt til då ho vart fødd.Eells og Musgrove, s. 20 Einskilde har hevda at bestefaren hennar på farsida, John Edwin West, moglegvis var ein afroamerikanar som såg kvit ut.Louvish, s. 18

Då West var lita budde familien hennar i Woodhaven i Queens, og Williamsburg og Greenpoint i Brooklyn.

Karriere

Tidleg karriere

West var fem år gammal då ho opptredde første gongen for eit publikum. Dette var på ei sosial samkome arrangert av ei kyrkje. Sju år gammal byrja ho å opptre på amatørshow, og vann fleire prisar i lokale talentkonkurransar.Watts, s. 16 og 18 I 1907, då ho var 14 år gammal, byrja ho profesjonelt med vaudeville som ein del av Hal Clarendon Stock Company.Louvish, s. 9-10 I byrjinga brukte West artistnamnet «Baby Mae»,Eells og Musgrove, s. 23 og 170 og prøvde fleire ulike scenepersonlegdomar, inkludert ein dragking,Eells og Musgrove, s. 38 og 170 og ein blackface (svartsminka) coonsongar.Watts, s. 23, 28 og 194 Den velkjende gongen hennar blir sagt å ha vorte inspirert av dei kjende dragqueenane Bert Savoy og Julian Eltinge.Wortis Leide, s. 122-123Louvish, s. 18

I 1911 opptredde West for første gongen på scena på Broadway i teaterstykket A La Broadway. Det vart likevel avslutta etter åtte førestillingar.Watts, s. 32-33 Deretter spelte ho i Vera Violetta. Al Jolson var ein annan nykommar i denne oppsetjinga. I 1912 dukka ho òg opp i den første førestillinga av A Winsome Widow, som «babyvampen» La Petite Daffy.Louvish, s. 50 og 452

I 1918 fekk West publisert biletet sitt på noteheftet til den populære songen «Ev'rybody Shimmies Now». Same året fekk ho gjennombrotet sitt i Broadway-teaterstykket Sometime, der ho spelte mot Ed Wynn.Tuska, s. 25-26 Rollefiguren hennar, Mayme, dansa shimmy.Louvish, s. 78-79 og 452 Etterkvart byrja òg West å skrive sine eigne dristige teaterstykke under pseudonymet «Jane Mate».Yeatts, s. 77 Den første hovudrolla hennar på Broadway var i teaterstykket Sex, som ho i tillegg både regisserte, produserte og hadde skrive manuset til. Trass i at kritikarane hata det, var billettsalet høgt. Det berykta teaterstykket vart òg dårleg motteke av dei lokale styresmaktene og vart stansa etter eit politiraid der West og resten av skodespelarane vart arresterte.Watts, s. 88-89

Den 19. april 1927 vart West dømd til 10 dagar i fengsel for «å ha forderva moralen til ungdomen».Bunyan, s. 317 Ho sona domen på Welfare Island (no Roosevelt Island), og åt middag med fengselsdirektøren og kona hans. West fortalde òg til journalistar at ho fekk lov til å bruke silkeunderbuksene sine.Schlissel og West, s. 16 Ho slapp ut etter åtte dagar på grunn av god oppførsel. Merksemda frå media gjorde henne endå meir kjent. Hennar neste teaterstykke, The Drag, handla om homofili og var det som West sjølv kalla eit «komediedrama om livet».Hamilton, s. 57 og 67 Etter fleire prøvespelingar i Connecticut og New Jersey, annonserte West at teaterstykket skulle framførast i New York.Chauncey, s. 312 The Drag vart likevel aldri framført på Broadway sidan Society for the Prevention of Vice truga med å forby det dersom det vart sett opp.Eells og Musgrove, s. 66-68 West støtta kvinnerørsla, men uttalte at ho ikkje var ein feminist. Ho støtta òg rettane til dei homofile.Watts, s. 299

West fortsette å skrive teaterstykke, som blant anna The Wicked Age, Pleasure Man og The Constant Sinner. Oppsetjingane var kontroversielle, men omtala i media trekte publikum. I 1928 vart teaterstykket Diamond Lil, som handla om ei laussleppt dame på 1890-talet, ein stor suksess på Broadway.Eells og Musgrove, s. 223 og 228-229

Filmkarriere mini|West returnerer til New York i 1933, etter å ha vore i Hollywood. I 1932 vart West tilboden ein filmkontrakt av Paramount Pictures. Ho var då 38 år gammal, noko som var ein uvanleg høg alder for eit sexsymbol, og ho var difor ullen når gjaldt den eigenlege alderen sin. Ho flytta til Hollywood og kjøpte ei leilegheit i The Ravenswood, ein art deco-bygning som vart bygd av Paramount. Ho åtte denne leilegheita, som var hennar favorittbustad, resten av livet.

Den første filmen hennar var Night After Night, der ho spelte mot den gode venen sin George Raft. Ho var særs misnøgd med manuset, og fekk difor løyve til å skrive om sine eigne replikkar.Eells og Musgrove, s. 105-106 Sjølv om rolla hennar ikkje var så stor, uttalte Raft seinare at «ho stal alt utanom kamera» om prestasjonen hennar. Han dukka òg opp i ei rolle som seg sjølv i den siste filmen hennar frå 1978, Sextette.

I 1933 filmatiserte West teaterstykket Diamond Lil. Rollefiguren Diamond Lil vart omdøypt til Lady Lou og filmen fekk tittelen She Done Him Wrong. I filmen spelte òg Cary Grant i ei av dei første større rollene sine, noko som fekk fart på karrieren hans. West hadde oppdaga Grant på filmstudioet og insisterte på at han skulle spele den mannlege hovudrolla.McCann, s. 73 Trass i at filmen var kontroversiell då han vart sloppen, vart han ein stor suksess og vart nominert til Oscar for beste film. I ettertid hevda West ofte at det var ho som hadde oppdaga Grant, men han påpekte at filmen var hans åttande for Paramount. I intervju roste han likevel West som ein unik og kraftfull personlegdom og meinte at han hadde lært det meste av det han kunne om å spele i komediar, frå å studere henne når ho jobba. Privat kunne han vere meir kritisk og uttalte at ho alltid gjorde som ho ville, og at alle andre leid på grunn av konsekvensane.

I hennar neste film, Jeg er ingen engel!, spelte ho òg mot Cary Grant. West hadde skrive manuset, men før filmen vart utgjeven måtte dei mange seksuelle ymta i songane tonast ned. Dette var ein av dei første filmane som framstilte afroamerikanarar positivt. Trass i at dei afroamerikanske kvinnene spelar tenestejenter, blir dei òg framstilt som gode venninner av rollefiguren til West, noko som ikkje var akseptert på denne tida. Elles var det òg vanleg at filmselskapa brukte kvite i rollene som afroamerikanarar. Filmen vart ein stor suksess og spelte inn meir enn She Done Him Wrong.

mini|Cary Grant og West i filmen Jeg er ingen engel! frå 1933. I 1933 var West den åttande største kinosuksessen i USA,Pendergast, s. 116 og i 1935 var ho den nest høgast betalte personen i landet, berre slått av William Randolph Hearst.Schlissel og West, s. 24 Trass i dette var moralistar opprørt over dei seksuelle temaa i filmane hennar. I 1934 vart sensurloven strengare handheva i Hollywood, for å hindre moralsk uakseptable filmar. Dette førte til at manusa hennar vart kraftig redigerte. Løysinga hennar var å inkludere mange tvitydige replikkar som ofte ikkje vart oppdaga og dermed slapp igjennom sensuren.

Hennar neste film var Det er ingen synd i 1934. Deretter spelte ho i Goin' To Town, som fekk blanda mottaking.Louvish, s. 279 Filmen Klondike Annie frå 1936 handla om religion og hykleri, og var svært kontroversiell.Black, s. 228-229 Mange filmkritikarar har kalla han for hennar meisterverk på film.Bavar, s. 87 Same året spelte West saman med Randolph Scott i Go West, Young Man. Manuset hadde ho basert på Lawrence Riley sitt suksessfulle Broadway-teaterstykke Personal Appearance.Wortis Leide, s. 402Watts, s. 10 Denne filmen, som vart regissert av Henry Hathaway, blir rekna som ein av dei dårlegaste av West frå denne perioden.Louvish, s. 308 I 1937 spelte ho i Every Day's a Holiday, den siste filmen hennar for Paramount.

Den 12. desember 1937 deltok West i to dristige sketsjar på buktalaren Edgar Bergen sitt radioprogram. Ho spelte òg seg sjølv og flørta med Charlie McCarthy, dokka til Bergen. Framferda hennar vart så kontroversiell at dette vart siste gongen ho dukka opp på radio før The Perry Como Show i 1949.

I 1939 tilbaud Universal Pictures West å spele hovudrolla i filmen My Little Chickadee, mot W.C. Fields. Etter å ha slutta hos Paramount 18 månader tidlegare, var West interessert i ein comebackfilm og takka ja til tilbodet. West kom dårleg overeins med Fields, og likte ikkje det høge alkolholinntaket hans. Trass i dette vart filmen likevel ein stor suksess og den mest suksessfulle av filmane til Fields.

I 1943 spelte Mae West i filmen The Heat's On for Columbia Pictures. Ho takka ja til rolla berre for å hjelpe regissøren og produsenten Gregory Ratoff å unngå konkurs.Tuska, s. 153 Filmen vart dårleg motteken, både blant kritikarane og publikum. Dette var den siste filmen hennar, før ho gjorde eit comback på 1970-talet.

Mellomåra Etter å ha trekt seg ut av filmindustrien gjekk West tilbake til å spele på teater og spelte blant anna i Broadway-teaterstykket Catherine Was Great i 1944. Dette var ein parodi på Katarina den store av Russland. I teaterstykket bestod garden hennar av unge, høge og muskuløse menn. Ho turnerte med teaterstykket i USA i 1945.

West spelte òg hovudrolla i ei eiga førestilling i Las Vegas, der ho song medan ho var omringa av kroppsbyggarar. Ein av kroppsbyggarane var Mickey Hargitay, som skodespelaren Jayne Mansfield fekk auge på han då ho såg ein av West sine førestillingar. Då ho vart spurd kva ho ville ha den kvelden skal Mansfield ha svart: «Eg tek ein biff og mannen til venstre!» West var svært negativ til tilhøvet mellom Hargitay og Mansfield, og innkalla til pressekonferanse der ho forlangte at han skulle avkrefte tilhøvet. Det gjekk ikkje heilt som planlagt då han i staden for å lese opp den ferdigskrivne talen, valde å stadfeste at paret var svært forelska og hadde bryllaupsplanar. Hargitay fekk sparken og gifta seg seinare med Mansfield.

I 1949 tilbaud regissøren Billy Wilder henne rolla som Norma Desmond i filmen Sunset Boulevard, men ho takka nei. Filmen handla om ei tidlegare stumfilmstjerne som hadde gått i gløymeboka, men nekta å innsjå det sjølv. Rolla gjekk til slutt til den tidlegare stumfilmstjerna Gloria Swanson. Wilder uttalte seinare: «Sjølve ideen om å gje rolla til Mae West var idiotisk. Vi trong berre å prate med henne, for å finne ut at ho enno synest ho var ei så stor, tiltrekkende og sexy stjerne som ho alltid hadde vore.»Staggs, s. 8

I 1958 dukka Mae West opp på Oscar-utdelingen og framførte songen «Baby, It's Cold Outside» saman med skodespelaren Rock Hudson.Robertson, s. 25 I 1959 vart sjølvbiografien hennar, Goodness Had Nothing To Do With It, utgjeven og vart ein bestseljar.Yeatts, s. 71

Seinare karriere