Serbia og Montenegro deltok to gongar i Eurovision Song Contest, i 2004 og 2005. Serbia og Montenegro hadde tidlegare delteke i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992, men då som ein del av Jugoslavia. I 2006 vart landet opplyst, då Montenegro erklærte seg sjølvstendig og lausreiv seg frå føderasjonen med Serbia. Sidan 2007 har Serbia og Montenegro delteke i Eurovision Song Contest som to sjølvstendige nasjonar. Fyrstnemnde vann same år.
Historikk Serbia og Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske uavhengighetskrigen.
Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land. I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong.
Det var kringkastingskoalisjonen UJRT som hadde ansvaret med å velje bidraga til Serbia og Montenegro. UJRT bestod av den serbiske kringkastaren RTS og og den montenegrinske kringkastaren RTCG.
Debuten Det fyrste bidraget til Serbia og Montenegro var Željko Joksimović med Ad Hoc Orchestra og balladen «Lane moje». Joksimović vann semifinalen og kom på andreplass i finalen, begge gongane med 263 poeng. Den gode plasseringa gjorde at Serbia og Montenegro var direktekvalifisert til finalen i Kyiv året etter, der gruppa No Name kom på sjuandeplass med låten «Zauvijek moja».
No Name vart også valde til å representere Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest 2006, men landet trekte seg frå tevlinga i mars 2006. Årsaka var at juryen til den montenegrinske kringkastaren RTCG vart skulda for taktisk røystegjeving under den nasjonale finalen for andre år på rad – gruppa No Name kjem frå Podgorica i Montenegro. Då den serbiske og den montenegrinske ikkje vart einige om kven landet skulle sende, enda det med at Serbia og Montenegro trekte seg frå tevlinga. Men Serbia og Montenegro fekk behalde retten til å røyste i finalen og semifinalen, sjølv om landet ikkje deltok med eige bidrag.
Serbia og Montenegro vart to uavhengige statar i 2006 og har sidan 2007 delteke som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest.
Bidraga i Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2004 Željko Joksimović og Ad Hoc Orchestra «Lane moje» Serbisk 263 2 263 1 2005 No Name «Zauvijek moja» Montenegrinsk 137 7 colspan="2" No Name «Moja ljubavi» Montenegrinsk colspan="4"
Røystehistorikk Serbia og Montenegro fekk røyste i 2006 sjølv om dei ikkje deltok.
Finalen
+ Serbia og Montenegro har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 27 02 25 04 22 05 16
+ Serbia og Montenegro har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 24 04 22
Semifinale
+ Serbia og Montenegro har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 32 02 19 03 17 04 14 05 13
+ Serbia og Montenegro har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 12
Sjå òg Serbia og Montenegro i Junior Eurovision Song Contest Jugoslavia i Eurovision Song Contest Serbia i Eurovision Song Contest Serbia i Junior Eurovision Song Contest Montenegro i Eurovision Song Contest Montenegro i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest Denne artikkelen bygger på «Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest» frå , den 23. mars 2021.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest