Fribourg (fransk; på tysk Freiburg im Üechtland eller berre Freiburg) er ein by i kantonen Fribourg i Sveits. Byen har eit areal på 9,3 km2, og hadde 34 490 innbyggarar i 2009. Fribourg er hovudstad i kantonen ved same namn, og i distriktet Sarine. Byen ligg ved elva Saane. Bysentrum ligg 610 meter over havet. mini|venstre|Utsyn mot Fribourg Byen vart grunnlagd i 1157 under Berchtold IV von Zähringen. Tida 1277-1452 låg han under habsburgarane. I 1482 vart byen teken opp i Det sveitsiske eidsforbundet. Fribourg vart biskopssete i 1613, etter på 1500-talet å ha vore eit sentrum for motreformasjonen.

Fribourg er eit viktig økonomisk, administrativt og lærdomssenter i grenselandet mellom fransk og tysk kultur og samfunn i Sveits. Gamlebyen er ein av dei best bevarte i Sveits.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fribourg» frå , den 26. august 2011.

Bakgrunnsstoff Offisiell side (fransk) (tysk) Domkyrkja Saint Nicholas Villa St. Jean internasjonale skule Biletgalleri

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Fribourg Kategori:Skipingar i 1157 Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet