Lugburz er det fyrste studioalbumet til det austerrikse svartmetallbandet Summoning. Albumet vart spelt inn i slutten av 1994 og utgjeve i mars året etter. Albumet er for det meste samansett av forskjellige demospor som er utgjeve i formatet Lugburz. Tittelen kjem av ordet Lugbúrz som tyder «Mørkt Tårn» på mørk tale, eit oppdikta språk utvikla av J.R.R. Tolkien, i samband med bokserien om Midgard. Ordet viser til tårnet i Barad-dûr.

Albumet skil seg ein del frå dei fylgjande albuma, sidan dei er meir atmosfærisk og rolegare enn Lugburz. Dei fleste grunnleggjande riffa vart komponert med bassgitar, og gitarriffa og melodien vart sidan lagt på.

Innhald

Medverkande Silenius – støttevokal, bassgitar, tangentfjøl Protector – vokal, elektrisk gitar, tangentfjøl Trifixion – slagverk Pazuzu – vokal

Kjelder Heimesida åt Summoning: Lugburz lenkje

Kategori:Musikkalbum frå 1995