mini|320px|Bangkok ved aftanrøde. Aftanraude og morgonraude er den raude fargen som sola, himmelen og skyene omkring av og til får ved og etter solnedgang (aftanraude) og soloppgang (morgonraude). Dette skuldast av dei lysstrålene som har minst bølgjelengd (dei fiolette og blå) blir mest spreidd i atmosfæren. Jo lågare sola står, dess tettare er dei laga i atmosfæren som lysstrålene må passere, og det raude lyset, som har størt bølgjelengd, vil då dominere.

Etter utbrotet av vulkanen Krakatoa i 1883, vart det observert ei rekkje merkverdige, raude solnedgangar verda over. Dette kom av store mengder fint støv som vart kasta høgt opp i atmosfæren av vulkaneksplosjonen og spreidd jorda rundt. Edvard Munch-måleriet Skriket syner kanskje til aftanraude som oppstod i denne perioden.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Afterglow» frå , den 26. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Aftenrøde. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/aftenr%C3%B8de. Morgonraude. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/morgenr%C3%B8de.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Optiske fenomen i atmosfæren