Balholm var namnet på ein tidlegare holme utanfor Kviknes Hotel i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane som har gitt opphav til namnet på handelsstaden «Holmen». Sundet mellom holmen og fastlandet vart attfylt på 1970-talet. Balholm har tidlegare vore nytta som offisielt namn på tettstaden Balestrand.

Tyding Fyrstelekken i namnet «Balholm» skriv seg frå det gamalnorske ordet bal, som tyder 'grønt belte langs fjorden'.

M/S «Balholm» Motorskipet M/S «Balholm» var ein passasjer- og lastebåt bygd av A/S Stord (1949–1974) til reiarlaget Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og vart driven frå 1949 til 1974. då båten vart seld til marineselskapet Tartan Arrow. Båten sokk utanfor Wales i 1979, og etter denne tid er det uvisst kva som har skjedd med han.

Balholm AS Namnet Balholm har vorte teke i bruk som merkenamn for friskpressa fruktjuice frå Sogn, frå verksemda Balholm AS.

Bakgrunnsstoff Vevssidene til Balholm AS

Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Noreg Kategori:Balestrand kommune