Jules Marie Charles Jaumotte () var ein belgisk meteorolog.

Jaumotte var direktør for Det belgiske meteorologiske instituttet frå 1919, der han innførte prinsippa til Bergensskulen i vêrvarslinga. Han konstruerte meteorografar for å måle temperatur og lufttrykk i atmosfæren frå fly og ballongar, og står som ein av pionerane innan aerologien.

Kjelder

Kategori:Belgiske meteorologar