Amihan er ein vind på Filippinane i tida som er dominert av passatvindane, og vert skildra som ein kjølig nordaustleg vind. Vinden fører med seg moderate temperaturar og lite eller ingen nedbør.
Amihanen starta ein gong i september eller oktober og endar i mai eller juni. Det kan derimot vere store variasjonar frå år til år.
Gjennom resten av året har Filippinane vestleg eller sørvestleg vind, i samband med monsunen, som her vert kalla habagat. Habagat-tida er varm og fuktig, med tung nedbør.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amihan» frå , den 3. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Vindar Kategori:Filippinsk geografi Kategori:Klima i Asia