Ein squamish er ein kraftig vind som opptrer i dei mange fjordane, buktene og dalane i British Columbia. Squamish opptrer i fjordane orientert i nordaust-sørvest eller aust-vest-retning, der kald polarluft vert pressa vestover, i motsett retning enn det vinden her generelt bles langs kysten. Desse vindane kan om vinteren føre til kraftig vindavkjøling på -20 til -30 ºC. Dei er kjende i Jervis-, Toba- og Butebuktene og i Dean Channel og Portland Canal. Squamish mister styrke når dei kjem ut av fjordane, og har døydd heilt ut 25 km frå kysten.
Sjå òg Williwaw Chinook
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Squamish (wind)» frå , den 3. september 2011.
Kategori:Vindar Kategori:Britisk Columbia Kategori:Klima i Canada