mini|Whataroa River. Whataroa-elva (engelsk Whataroa River, stundom kalla Wataroa River) er ei elv sør i regionen West Coast på Sørøya på New Zealand. Kjeldene ligg i Søralpane, og elva renn mot nord og nordvest, gjennom busetnaden Whataroa på den austlege sida før ho når Tasmanhavet like sør for Abut Head. Elva har fleire tilførsler, som til dømes Perth-elva, og vert kryssa av riksvegen State Highway 6 mellom Whataroa og Te Taho.

Rafting er ein populær turistaktivitet på elva. Tilgang til dei øvre delane av elva er anten til fots eller med helikopter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Whataroa River» frå , den 6. september 2011.

Kategori:Westland District Kategori:Elver på New Zealand