mini|left|Ei slik stridsvogn er avteikna på plateomslaget. Salisbury er den andre utgjevinga til det britiske rockebandet Uriah Heep.

Lydbiletet på Salisbury vart trekt meir mot progressiv rock og balladar, som er ulikt frå Very 'eavy... Very 'umble, der alle songane er meir hard rock-prega. Til endring er dei fleste songane skrivne av Ken Hensley, i motsetnad til samarbeidet Mick Box/David Byron, som pregar debuten.

Albumet vart opphavleg utgjeve på plateselskapet Vertigo, som på debuten, men begge vart attugjevne då bandet skreiv under for plateselskapet Bronze Records før Look at Yourself, det tredje albumet.

På plateomslaget åt Salisbury er det avteikna ei køyrande britisk Chieftain-stridsvogn – omslutta av eld. Sambandet mellom plateomslaget og tittelen er klart: Salisbury Plain i Wiltshire er eit treningsområde for hæren. Omslaget var ein protest mot treningsområdet, sidan det ikkje ligg så langt frå Stonehenge.

Innhald Britisk utgjeving

Amerikansk utgjeving

Atterutgjeving frå 2003

Spor 7-13 er bonusspor

Medverkande

Uriah Heep David Byron – vokal Ken Hensley – aukustisk gitar, slidegitar, støttevokal, piano, cembalo, orgel, vibrafon Mick Box – elektrisk gitar, støttevokal Paul Newton – bassgitar, støttevokal Keith Baker – slagverk, perkusjon

Gjestemedlemar John Fiddy – kontrabass, strengeinstrument

Produksjonsmedverkande Gerry Bron – produksjon Peter Gallen – miksing, innspeling, systemteknikk Tom Coyne – kontrollør

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Britiske musikkalbum Kategori:Tradisjonelle metallalbum