Harald Sverdrup () var ein norsk lyrikar, og blant dei leiande i etterkrigslitteraturen.
Bakgrunn og arbeid Sverdrup debuterte i 1948 med diktsamlinga Drøm og drift. Men både denne samlinga og den neste, Evigbyggende Babel, er relativt uferdige. Ikkje før med den tredje samlinga si Han finner sin elskede (1953) framstod Sverdrup som ein moden og formsikker lyrikar. Det er difor rimeleg å handsame han saman med dei «eigentlege» 50-årsdebutantane.
Harald Sverdrup var ein vitalist og livsdyrkar, og ein av dei mest intense lyrikarane i norsk etterkrigslyrikk.
Sverdrups poesi er prega av ein varm erotikk, og av kunnskap om og kjærleik til naturen. Med eit frodig biletspråk skriv Sverdrup om erotikk og politikk. Eit tema som står svært sentralt i dikta hans, er den brutale rovdrifta på naturen. Med humor, sarkasme og ikkje minst ironi går han til åtak på samfunnsutviklinga i atomalderen. Han åtvarar mot omsynslaus utnytting av naturen og mot faren for å utslette kloden ved bruk av atomvåpen.
Songane «Drikkevise», «Jeg vil bli keiser» og «Sjømannsvise» på Alf Cranners album Rosemalt sound frå 1967 er basert på tekster av Harald Sverdrup.
Harald Sverdrup budde og arbeidde i mange år i Stokke i Vestfold. Han var far til smykkekunstnaren og songaren Elfi Sverdrup.
Bibliografi Drøm og drift (1948) Evig byggende Babel (1949) Han finner sin elskede (1953) Syngende natt (1955) Sankt Elms ild (1958)Digital kopi av Harald Sverdrups Sankt Elms ild (1958) Snurrebassen og andre tøysevers (1958) Isbjørnfantasi (1961) Sang til solen (1964) Negeren og solsikken (1965) (Reisebok) Hvem er du. Utvalgte dikt (1966, 1971) Paradisets barn (1968) (Roman) Farlig vind (1969) Fredløse ord (1971) Kjærlighet. Kjærlighetsdikt (1973) Grønn kalender (1974) Isbjørn. En ishavsberetning for barn og voksne (1976) Gamle Louis og andre dikt (1976) Norsk naturkalender. Naturnotater og fortellinger for ungdom (1977)Digital kopi av Harald Sverdrups Norsk naturkalender (1977) Blant grekere. Epistler fra Hellas (1978) (med Gunnar Bull Gundersen) Fugleskremsel (1980) Gokstadskipet. Et langdikt om et langskip (1980) Vårt trygge liv - krigsnotater (1982) Samlede dikt 1948-1982 (1983) Gutten og fuglen (med tegnspråk for døve barn) (1984) Lysets øyeblikk. Erotiske dikt og utrygge fredsnotater (1985) Slips i tretoppen. Barndomserindringer (1987) Tranene danser (1989) Solhest i berget (1999)Digital kopi av Harald Sverdrups Solhest i berget (1999) Samlede dikt 1948-1991 (2000)
Prisar og utmerkingar (utval) 1959 – Mads Wiel Nygaards legat Vestfold fylkeskommunes Kunstnerpris i 1976
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harald Sverdrup» frå , den 8. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Harald Sverdrup hjå Nasjonalbiblioteket Harald Sverdrup Dag og Tid: Omtale Digital kopi av Tom Lotheringtons Med solen ytterst i nebbet- : en bok om Harald Sverdrup (1998)
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Folk frå Vestvågøy