Ein gyteparr er ein liten kjønnsmoden hannfisk av aure eller laks som ikkje har vore i sjøen. Desse er 10-20 cm lange og veg berre nokre gram. Fiskane er i stand til å delta i gytinga i konkurranse med den langt større hannfisken som har vore i sjøen. Gyteparren er så liten at han kan snike seg under hofisken og spreie mjølka si over egga. Desse fører til hybridisering mellom aure og laks, noko som ikkje er ønskt.
Referansar
NINA temahefte 20
Kategori:Fisk