mini|Uverne vendetermpmeter Vendetermometer er eit oseanografisk og limnologisk termometer for å gjere temperaturmålingar i djupet. I motsetnad til vanlege analoge termometer, kan ein lese av ei temperaturmåling ved eit seinare tidspunkt. Termometeret vert snudd opp ned (vendt) ved djupna ein ønskjer å måle temperaturen i, og temperaturen vil synast heilt til termometeret vert snudd attende att. Instrumentet har vore viktig for forståinga av havstraumar og dynamikken i innsjøar, men er i dag i stor grad erstatta av elektroniske instrument.

Ofte var vendetermometeret festa til ei nansenflaske, så ein kunne ta temperaturen til vatnet der vassprøva var henta frå.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Reversing thermometer» frå , den 10. september 2011.

Bakgrunnsstoff Introduction to Physical Oceanography av Robert H. Stewart

Kategori:termometer Kategori:Oseanografiske instrument