Ludolph van Ceulen () var ein tysk-nederlandsk matematikar.
mini|venstre|De circulo & adscriptis liber (1619)
Han var professor i krigsbyggingskunst i Leyden, etter at han først hadde vore lærar i matematikk i forskjellige nederlandske byer, mellom anna i Amsterdam. Han er særleg kjend for utrekninga av π (pi, forholdet mellom omkrinsen og diameteren til ein sirkel). Ved hjelp av innskrivne og omskrivne polygon fann han dei 32 første desimalane, og ein finn derfor av og til π omtalt som det ludolfiske talet.
Kjelder
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Nederlandske matematikarar Kategori:Folk frå Hildesheim Kategori:Matematikarar på 1500-talet