Tustna er ei øy i Aure kommune på Nordmøre. Øya var del av Edøy kommune fram til 1874, så utgjorde ho hovuddelen av Tustna kommune fram til 2006, då han vart slått saman med Aure kommune.

Om namnet Uttale og bruk Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på»+akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ: «ETradisjonell dialekt har e for ‘eg’. Merk likevel at yngre dialekt (særleg folk som er fødde etter kring 1980), som elles oftast manglar dativ, har mykje æ. ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.) «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Opphav Namnet vart oftast skrive «Tusteren» på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart frå 1600-talet finst namnet i forma «Toester». Ein antek at namnet kjem av norrønt «Þústr» (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.

Topografi Fjell Fjella på Tustna er frå gammalt eit landemerke for sjøfarande, og dei er framleis noko av det som lokkar folk til Tustna.

Sinnsetten (326 moh.) Jørenvågssalen Jurtinden (857 moh.) Leirtinden (760 moh.) Knubben (680 moh.) Skarven (896 moh.) Dyrkollgrova (469 moh.) Seteraksla (511 moh.)

Tettstader Gullstein - tidlegare kommunesenter. Gullstein kirke ligg plassert her. Bru over Sålåsundet til Stabblandet. Leira - ligg midtvegs mellom Tømmervåg og Gullstein på nordsida av Tustna. Staden har utvikla seg til å bli sentrum på Tustna med skule, to daglegvarebutikkar, bilverkstad og andre servicefunksjonar. Idrettsarenaen Høgda stadion, som høyrer til Tustna idrettslag, ligg òg her. Tømmervåg - sørvest på øya. Tustna ungdomsskule ligg her, i tillegg held ungdomsklubben til her med møter i lokala til Honky Tonk Cruisers, ein bilklubb for amerikanske bilar. Lokala er i ein nedlagd butikk. Frå Tømmervåg ferjekai er det ferjesamband til Seivika ferjekai i Kristiansund.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for øya Tustna (medrekna Golma) 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Tustna herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 381 1017 930 808

Biletgalleri Fjella på Tustna

Utsikt frå Tustna

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Sjå òg Tustna kommune

Tustna Tustna