EuroPark AS vart skipa i 1979 og var norskeigd heilt fram til 1999. Selskapet vart då kjøpt opp av APCOA Parking, det største parkeringsselskapet i Europa.

EuroPark driv parkeringsplassar og –hus for offentlege og private oppdragsgivare. Selskapet har hovudkontor i Oslo. I løpet av dei siste 25 åra har selskapet utvikla seg til å vere den største aktøren innan parkering i Noreg. EuroPark har systerselskap i Danmark og Sverige.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «EuroPark» frå , den 16. september 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1979 Kategori:Norske føretak Kategori:Parkering