Jens Erik Fenstad () var ein norsk matematikar. Han var professor og prorektor ved Universitetet i Oslo.
Fenstad var fødd i Trondheim. Han vart mag. scient. i 1959 og vart utnemnd til professor i matematisk logikk ved Universitetet i Oslo i 1968. Fenstad var prorektor ved universitetet frå 1989 til 1992.
Han var formann i Norsk Matematisk Forening og redaktør av Nordisk Matematisk Tidsskrift frå 1967 til 1972. Han var første formann i Abelstyret, president i International Union of History and Philosophy of Science og hadde fleire leiarverv i europeiske vitskaplege organisasjoner.Dagfinn Føllesdal: Jens Erik Fenstad (1935-2020) - Minneord i Klassekampen 18. april 2020
Han gav mellom anna ut Th. Skolem: Selected Works in Logic og fleire avhandlingar i logikk, matematikk og lingvistikk.
Kongen utnemnde i 2011 Fenstad til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk forsking. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», kongehuset.no, 15. september 2011. Besøkt 15. september 2011.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Jens Erik Fenstad» frå , den 16. september 2011 og 20. april 2020. oppgav desse kjeldene: Dødsannonse i Aftenposten 17. april 2020.
Kategori:Norske matematikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Prorektorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Matematikarar på 1900-talet