Le Locle er ein by og ein kommune i distriktet Le Locle i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 945 meter over havet. Le Locle er hovudstad i distriktet, som har namn etter kommunen.

Han ligg i Jurafjella, nokre kilometer frå byen La Chaux-de-Fonds og tett ved grensa til nabolandet Frankrike. Han er den tredje minste byen i Sveits (i Sveits har ein by minst 10 000 innbyggjarar for å reknast som by).

Le Locle er eit senter for sveitsisk urmaking, og vert stundom rekna som opphavet til industrien med røter attende til 1600-talet. Kommunen har vorte heimstad til fabrikantar som Zodiac, Terrasse Watch Co., Tissot, Ulysse Nardin, Zenith og Universal Geneve, før sistnemnde vart flytta til Genève. Historia til byen i urmaking er dokumentert i Musée d'Horlogerie du Locle, Monts slott.Watchmaking museum (fransk) På grunn av urmakarhistoria er byen innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

mini|Col des Roches-kløfta

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Le Locle» frå , den 31. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

'

Bakgrunnsstoff

World Heritage List: Le Locle& La Chaux-de-Fonds Le Locle nettside

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Neuchâtel Kategori:Verdsarv i Sveits