Scipione del Ferro () var ein italiensk matematikar.

Han var professor ved universitetet i Bologna i 30 år og er kjend som oppdagaren av løysinga til tredjegradslikningar. Ferro heldt metoden hemmeleg, men han testamenterte papira sine til svigersonen sin og etterfølgjaren Annibale della Nave, og her vart metoden seinare funnen av Girolamo Cardano og Lodovico Ferrari.

Kjelder

Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Folk frå Bologna Kategori:Matematikarar på 1500-talet