Evariste Galois () var ein fransk matematikar. Han vart fødd i Bourg-la-Reine og døydde tjue år gammal i Paris etter ein duell.
Galois var den første som klarte å finne naudsynte og tilstrekkelege føresetnader for at løysingane til ei algebraisk likning kan uttrykkjast ved hjelp av rotuttrykk. I arbeida sine, som ikkje vart publisert før lenge etter han døydde, la han grunnlaget for det som i dag blir kalla Galoisteori, ei stor grein innan abstrakt algebra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Évariste Galois» frå , den 18. september 2011.
Bakgrunnsstoff matematikk.org Biografi: Évariste Galois O'Connor, John J., and Edmund F. Robertson. «Évariste Galois». MacTutor History of Mathematics archive The Galois Archive (Biografier, brev og andre tekster relatert til Galois)
Kategori:Franske matematikarar Kategori:Folk frå departementet Hauts-de-Seine Kategori:Folk døde i duellar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Døde av bukhinnebetennelse